Goalball

OGK på 5. plass i Malmö Open 2007
Tirsdag, 13. Feb 2007

Malmö Open 2007 gjekk av stabelen 10.-11 februar. Oslo goalballklubb stilte med eit lag, og enda på 5. plass i open klasse.
Oslo goalballklubb var representert med Munthadar Al-Emari, Aasmund Kjeldstad, Magnus Kroken, Tor Inge Stokkedal, Andreas Strand og Hans Hytten som coach.

Fyrste kamp var mot danske BSU Töser - eit reint jentelag. Oslo-laget kan umogleg ha sove heilt ut natta før, denne kampen enda med tap 4-10. BSU spelte godt i forsvar, og mange av måla som gjekk gjennom OGK-forsvaret burde nok ikkje gjort det. Ein dårleg start på turneringa, men det gjekk betre. Aasmund skuldar på at Hans ikkje hadde lagt opp nokon tydeleg strategi, og ikkje sagt korleis me skulle vinne kampen.

Andre kamp var mot svenske IFAS Power. Dette gjekk ganske greit, sluttresultatet var 12-2, og ga ei god vinnarkjensle som gjorde litt opp for tapet tidlegare på dagen. Denne gongen sa Hans før kampen at me skulle satse på 10 raske og verte ferdige, og som sagt så gjort (nesten i alle fall). Kampen vart avslutta før full tid pga. 10 måls leiing, så OGK fekk litt ekstra kvilepause.

Strategien for neste kamp, mot Hammarby, var den same - 10 raske, så var me ferdige. Den fungerte derimot ikkje like bra her, Hammarby hadde eit godt forsvar. På det meste leia OGK 7-1, men Hammarby tok innpå, og kampen enda 9-5 til OGK.

Etter fyrste dag hadde 3 lag i OGKs gruppe vunne 2 kampar kvar, medan IFAS hadde tapt alle sine kampar. Plasseringa gjekk då på innbyrdes oppgjer. Målforskjellen til kvart lag i kampane mellom dei laga som sto likt vart lagt saman, så var den med best målforskjell vinnaren. OGK enda dermed på 3. plass i gruppa - om òg måla frå kampen mot IFAS vart telt med hadde OGK vunne gruppa. Surt, men sant.

Andre dag starta tidleg, med fyrste kamp 08.50. Denne var mot engelske Leeds, tidlegare erfaring tilsa at dette skulle vere grei skuring. Sjølv trur eg Leeds har trena sidan sist, men OGK vann likevel. Sluttresultatet vart 10-7 til OGK, ein betre start på denne dagen med andre ord.

Siste kamp var mot svenske SUGI. Her handla det om 5. eller 6. plass i open klasse. SUGI opna med å leie kampen ei stund, med 1-2 måls leiing. Etter kvart tok OGK over, og sluttresultatet vart 5-4 til OGK, og ein 5. plass i turneringa.

OGK vann 4 av sine 5 kampar, og enda på 5. plass. BSU-laget OGK tapte mot vann 3 av sine 5 kampar, og enda på 4. plass. Det er litt surt å tenke på, men laget tykkjer likevel dei spelte ei god turnering. Neste gong er stikkord å leggje seg tidleg, og vere opplagt frå fyrste stund.

Alle på laget scorte mål i turneringa. Detaljert målstatistikk er som følgjer (med atterhald om feil, ikkje lettleste notatar :)):

Aasmund: 16 mål
Andreas: 10 mål
Munthadar: 5 mål
Magnus: 4 mål
Tor Inge: 4 mål


Les mer om Artikler Printervennlig side Send denne artikkelen som e-post
Søk

Logginn




 


 Logginn problemer?
 Ny bruker? Registrer!